We’ve updated our Terms of Use to reflect our new entity name and address. You can review the changes here.
We’ve updated our Terms of Use. You can review the changes here.

Landet av frost: Ei soge i sju kapittel

by Liksminke

/
  • Streaming + Download

    Includes unlimited streaming via the free Bandcamp app, plus high-quality download in MP3, FLAC and more.

      79 NOK  or more

     

1.
Blodhemn 06:39
Thrándur heitte ein mann. Han var son av Bjørn Månegrimsson, son av Sverre Månegrim frå Vallar. Thrándur si mor heitte Thorunn Rolvsdotter, dotter av Rolv Thorsson. Thrándur budde på Gandar i Jadri. Han var ein rik og mektig høvding, og han var klok og varsam med alt han tok seg føre. Ein dag kom ein hær med væpna menn til landsbyen. Dei bar på merkelege teikn og snakka om ein krossfesta frelsar frå Judea. Dei sa at Thrándur og resten av landsbyen måtte gje opp si heidenske tru og setja si tillit til ein dei kalla Kvitekrist, elles ville dei bli dømde til evig pinsle i dødsriket. Thrándur var ikkje ein mann som likte at andre sa til han kva han skulle gjera. Dessutan tykte han at denne Kvitekrist høyrdest ut som ein veiking; for han var jo ikkje levande, som Odin og Tor. Då dei framande høyrde dette, vart dei rasande. Dei hogg hovudet av Thrándur si ætt og batt Thrándur fast, før dei sette fyr på heile landsbyen. Alle i landsbyen døydde, og Thrándur fekk svære brannskadar over heile kroppen. Han lova blodhemn over Kvitekrist og alle hans fylgjarar, og sidan denne dagen gjekk han derfor under namnet Mannedaud.
2.
Mange år seinare var dei kristne drivne ut frå Jadri. Kulde, mørke og ondskap herja over landet, og Jadri var kjent som «landet av frost». Mannedaud hadde slutta seg til den onde herskaren Rallaskrømten for å få hemna si. Saman hadde dei jakta ned og drepe dei kristne kjøterane. Dei som ikkje vart drepne, drog i vesterveg, til saksarane sitt land. Rallaskrømten herska med jernhand over Jadri, frå Gandar i nord til Soknardal i sør. Mannedaud sitt hjarte var fylt med eit grufullt hat for dei kristne. Rallaskrømten hadde heller ikkje noko til overs for dei, så Mannedaud vart ofte sendt ut i landet på jakt etter kristenmannsblod. Ein dag fekk dei høyra om ein stor og mektig hær av kristne soldatar som hadde samla seg ved utkanten av Kviđu, som låg vest i Jadri. Mannedaud visste kva han måtte gjera, men Rallaskrømten råda han til å få med seg nokre hjelparar i kampen mot den kristne trugselen. Mannedaud sette i veg sørover, mot det store, onde fjellet Haugr. Der budde det nemleg nokre svære skapningar som var ondare enn Jævelen sjølv.
3.
Vegen mot fjellet var lang og smal, og knapt ein veg i det heile. Han var meir som ein sti, med tjukk, svart skog på begge sider. Vinden var kald og kviskra trugande ord i øyret til Mannedaud, og bakken var like hard og frosen som den sorgsvarte sjela hans. Han kunne knapt skimta lyset frå månen, for den mørke himmelen var dekka av svarte ramnar som flaksa over hovudet hans. Han gjekk og gjekk. Skogen vart tettare og mørkare, og stien vart smalare og kaldare. Han skimta ein gard, så einsam og forlaten, der inne i skogdjupet. Garden hadde ein gong i tida husa ein kristen stakkar og ætta hans, men dei var ikkje dugande folk. Mannedaud og Rallaskrømten hadde jakta dei ned og drepe dei, og Mannedaud hadde skore blodørn på den kristne stakkaren. Etter at han hadde gått ei stund, såg han det storfelte fjellet reise seg langt der framme i horisonten. Fjellet husa ein grufull ondskap frå fordums tid, ein ondskap som hadde blitt vekka då Rallaskrømten steig ned frå den mørke trona si i nord og kalla desse skapningane til seg.
4.
Mannedaud hadde gått langt om lenge og lenger enn langt, og omsider kom han til foten av fjellet. Dei svarte ramnane flaksa viltert over han, og ei fæl lukt av rein ondskap sneik seg inn i nasen hans. Det var lukta av trolla som budde i trollheimen han kjente. Desse trolla var dei mest grufulle og blodtørste skapningane i heile Jadri, dei var nok til og med verre enn Rallaskrømten. Mannedaud byrja stigninga opp den grå og kalde fjellveggen. Vegen opp til toppen av fjellet der trolla budde, var lang og strevsam, men han kom seg opp til slutt. På toppen av fjellet låg ein skog så djup og mørk at ein kunne innbilla seg at han førte til verdas ende. Det gjorde han riktig nok ikkje, for det var nemleg her, i denne djupe og mørke skogen på toppen av fjellet, trolla budde.
5.
Trollheim 04:40
Mannedaud kikka opp mot dei sorgsvarte trea og merka at skogen kalla på han. Han gjekk inn, og med eitt kjente han den vonde lukta av troll. Etter at han hadde gått eit lite stykkje, kom han fram til eit ondt og illeluktande tjern. Det var her trolla heldt til. Fjalldraugr, som var det største og mest grufulle av trolla, kom mot han og sa: Her kjem du, Mannedaud, heller uvarsam, ein einsam sjel på jakt etter kristenmannsblod; eit hjarte fylt av eit hat så grusamt, at den kalde sjela di aldri får ro. Då kvad Mannedaud: Mi sjel er frosen, mitt hjarte er kaldt; mitt mål er å drepa, og utsletta alt; den kristne pesten, og alle som trur; alle som ein, står dei for tur. Då Fjalldraugr høyrde kvadet, forstod han Mannedaud sitt hat mot kristendommen og tilbaud seg å hjelpa. «Men du må venta på den fyrste frostmånen; då startar den mørkaste tida på året. Då skal du finna lukka di, og me skal hjelpa deg.» Mannedaud takka for hjelpa og reiste heim til Gandar for å fortelja Rallaskrømten om trolla sitt svar.
6.
Frostmåne 04:36
Månadane gjekk, og i november kom frostmånen – vinterens fyrste fullmåne. Han lyste grimt opp under den norrøne himmelen. Mannedaud kjente hatet vekse i den frosne sjela si, og han kvad ei grufull vise: Svake kristne skal døy i natt, offer for sverd i den evige eld; no skal dei kjenne mi forakt, kristent blod skal spillast i kveld. Rallaskrømten sa til han «I kveld skal du få blodhemnen din.» Mannedaud lo ondskapsfullt for seg sjølv. Han hadde sett fram til denne dagen i mange år no. Endeleg skulle sverdet hans få smaka kristent blod igjen.
7.
Mannedaud og Rallaskrømten stod lenge under den norrøne himmelen og betrakta det kalde vinterlandskapet på Jadri. Mannedaud tenkte tilbake på alle dei grufulle og onde handlingane dei hadde utretta saman, alle dei kristelege liva dei hadde teke, og korleis Jadri var blitt fylt av hat. Det verka som ein mannsalder sidan no. Mannedaud merka at han var blitt eldre, men hatet i hjartet hans var ikkje blitt veikare. Han visste at kristendommen var ein sjukdom som måtte stoggast, elles kom han til å forpesta heile verda med sin veikskap. Fyrst kom trolla trampande frå fjellet i sør. Så kjende Mannedaud ein varm bris av nestekjærleik som kom inn frå vest. Dei kristne var komne. Det var tid for blodhemn. Kristne sjeler skulle slaktast i natt. Mannedaud greip etter øksa si og kasta ho mot den kristne hæren. Ein mann fall om; øksa hadde kløyvd skallen hans. Då byrja med eitt eit stort slag, som var både langt og hardt, men enden var at Mannedaud og Rallaskrømten vann, og dei kristne stakkarane fall. Mannedaud hadde fått hemna si og dikta derfor eit ondt og grufullt kvad: Høyrde du korleis me kjempa Høyrde du korleis me slåst Mot dei kristne saksarane Blodet rann som ein foss Dei segla inn frå vest Og tok livet av mi ætt No har eg fått hemna mi Og korset har eg knekt Dei kristne skal jaktast ned Me skal drepa alle Når sverdet treff hjartet ditt Og øksa treff din skalle Då veit du at dauden kjem Og seier takk for sist For det finst inga trøyst Å få hjå Kvitekrist Og slik ender soga om Mannedaud og landet av frost.

credits

released October 30, 2020

license

all rights reserved

tags

about

Liksminke Sandnes, Norway

Ekte norsk svartmetall

True Norwegian Black Metal

contact / help

Contact Liksminke

Streaming and
Download help

Report this album or account

If you like Liksminke, you may also like: