Mange år seinare var dei kristne drivne ut frå Jadri. Kulde, mørke og ondskap herja over landet, og Jadri var kjent som «landet av frost». Mannedaud hadde slutta seg til den onde herskaren Rallaskrømten for å få hemna si. Saman hadde dei jakta ned og drepe dei kristne kjøterane. Dei som ikkje vart drepne, drog i vesterveg, til saksarane sitt land.
Rallaskrømten herska med jernhand over Jadri, frå Gandar i nord til Soknardal i sør. Mannedaud sitt hjarte var fylt med eit grufullt hat for dei kristne. Rallaskrømten hadde heller ikkje noko til overs for dei, så Mannedaud vart ofte sendt ut i landet på jakt etter kristenmannsblod.
Ein dag fekk dei høyra om ein stor og mektig hær av kristne soldatar som hadde samla seg ved utkanten av Kviđu, som låg vest i Jadri. Mannedaud visste kva han måtte gjera, men Rallaskrømten råda han til å få med seg nokre hjelparar i kampen mot den kristne trugselen. Mannedaud sette i veg sørover, mot det store, onde fjellet Haugr. Der budde det nemleg nokre svære skapningar som var ondare enn Jævelen sjølv.