We’ve updated our Terms of Use to reflect our new entity name and address. You can review the changes here.
We’ve updated our Terms of Use. You can review the changes here.
/
  • Streaming + Download

    Includes unlimited streaming via the free Bandcamp app, plus high-quality download in MP3, FLAC and more.

      12 NOK  or more

     

lyrics

Mannedaud og Rallaskrømten stod lenge under den norrøne himmelen og betrakta det kalde vinterlandskapet på Jadri. Mannedaud tenkte tilbake på alle dei grufulle og onde handlingane dei hadde utretta saman, alle dei kristelege liva dei hadde teke, og korleis Jadri var blitt fylt av hat. Det verka som ein mannsalder sidan no. Mannedaud merka at han var blitt eldre, men hatet i hjartet hans var ikkje blitt veikare. Han visste at kristendommen var ein sjukdom som måtte stoggast, elles kom han til å forpesta heile verda med sin veikskap.

Fyrst kom trolla trampande frå fjellet i sør. Så kjende Mannedaud ein varm bris av nestekjærleik som kom inn frå vest. Dei kristne var komne. Det var tid for blodhemn. Kristne sjeler skulle slaktast i natt. Mannedaud greip etter øksa si og kasta ho mot den kristne hæren. Ein mann fall om; øksa hadde kløyvd skallen hans. Då byrja med eitt eit stort slag, som var både langt og hardt, men enden var at Mannedaud og Rallaskrømten vann, og dei kristne stakkarane fall. Mannedaud hadde fått hemna si og dikta derfor eit ondt og grufullt kvad:

Høyrde du korleis me kjempa
Høyrde du korleis me slåst
Mot dei kristne saksarane
Blodet rann som ein foss
Dei segla inn frå vest
Og tok livet av mi ætt
No har eg fått hemna mi
Og korset har eg knekt
Dei kristne skal jaktast ned
Me skal drepa alle
Når sverdet treff hjartet ditt
Og øksa treff din skalle
Då veit du at dauden kjem
Og seier takk for sist
For det finst inga trøyst
Å få hjå Kvitekrist

Og slik ender soga om Mannedaud og landet av frost.

credits

from Landet av frost: Ei soge i sju kapittel, released October 30, 2020

license

all rights reserved

tags

about

Liksminke Sandnes, Norway

Ekte norsk svartmetall

True Norwegian Black Metal

contact / help

Contact Liksminke

Streaming and
Download help

Report this track or account

If you like Liksminke, you may also like: