Mannedaud kikka opp mot dei sorgsvarte trea og merka at skogen kalla på han. Han gjekk inn, og med eitt kjente han den vonde lukta av troll. Etter at han hadde gått eit lite stykkje, kom han fram til eit ondt og illeluktande tjern. Det var her trolla heldt til. Fjalldraugr, som var det største og mest grufulle av trolla, kom mot han og sa:
Her kjem du, Mannedaud, heller uvarsam,
ein einsam sjel på jakt etter kristenmannsblod;
eit hjarte fylt av eit hat så grusamt,
at den kalde sjela di aldri får ro.
Då kvad Mannedaud:
Mi sjel er frosen,
mitt hjarte er kaldt;
mitt mål er å drepa,
og utsletta alt;
den kristne pesten,
og alle som trur;
alle som ein,
står dei for tur.
Då Fjalldraugr høyrde kvadet, forstod han Mannedaud sitt hat mot kristendommen og tilbaud seg å hjelpa. «Men du må venta på den fyrste frostmånen; då startar den mørkaste tida på året. Då skal du finna lukka di, og me skal hjelpa deg.» Mannedaud takka for hjelpa og reiste heim til Gandar for å fortelja Rallaskrømten om trolla sitt svar.